Velkommen til ATTAC.NO
Solidaritetshuset
Osterhausgate 27
0183 OSLO
Telefon: 22 98 93 04 (Kjernetid kl.10.00- 15.00)
epost: attac(at)attac.no



Denne siden er støttet av Norad
 
> Forside > Om Attac > Arkiv attac.no
Utskriftsvennlig versjon

I klimaforhandlingane tapar sør
Publisert 07.12.2009

- Å tvinga fattige land i sør til store investeringar i fornybare energiformer er så nådelaust at å kalla det kynisk vert utilstrekkeleg, seier Nicola Bullard frå Focus on the Global South.


Tidleg i november kom Nicola Bullard frå Focus on the Global South (FGS) til Oslo og Tromsø for å snakka om dei føreståande klimaforhandlingane i København i desember. Bullard har dei siste tre åra arbeidd for FGS med klimapolitikk. Utgangspunktet hennar er å sjå klimaendringane og klimapolitikken frå landa i sør sin ståstad. Bullard har tidlegare arbeidd med handelspolitikk og WTO for FGS i meir enn ti år, og ho meiner at likskapane mellom dei to felta er forbausande store.

- Maktkonstellasjonane er dei same, og klimapolitikken vidarefører mykje av utbyttinga av landa i sør som me har sett i handelspolitikken. Den internasjonale klimapolitikken og klimaforhandlingane har dessutan svært lite med klima å gjera, og handlar i all hovudsak om økonomiske interesser. Dei rike landa er meir opptatt av å verna om sine kortsiktige næringsmessige interesser og sitt forbruksnivå, enn å arbeida for ei forpliktande global løysing på klimakrisa. Dette ser me til dømes på at mekanismane som vert foreslått ofte legg opp til at forureinaren skal få sjansen til å kjøpa seg fri frå ansvaret til å redusera sine eigne utslepp, seier Nicola Bullard til Attac Utveier.

Dei rike landa har det historiske ansvaret

Bullard understrekar at klimakrisa i alt for stor grad vert sett på ei krise som kan løysast med dei same økonomiske verktya som har ført oss inn i krisa.

- Dei marknadsbaserte mekanismane gjer ingenting med det som er det grunnleggjande årsaka til klimakrisa, det er oppfatninga av verda sine ressursar som uavgrensa og av at den økonomiske veksten kan fortsetja på same måte som før. Om me skal få ein klimaavtale som tar klimakrisa på alvor, må me også innsjå at dette er ei systemkrise. Me treng nokre grunnleggjande nye måtar å tenkja om fordeling og vekst på om me skal greia å nå dei reduksjonane i klimagassutslepp som FN sitt klimapanel tek til orde for, seier Bullard.

Medan Kyoto-avtalen, som vart framforhandla i 1992 og gjeld fram til år 2012, legg det historiske ansvaret for dei menneskeskapte klimaendringane på dei rike landa, er det i dag stort politisk press på å leggja større ansvar på dei fattige landa. Mange av dei vestlege landa ynskjer at landa i sør skal forplikta seg til utsleppsreduksjonar, og at dei dessutan skal betala ein større del av kostnadane som er knytt til utvikling av ny teknologi og nye fornybare energiformer. Dette gjeld spesielt dei store landa i sør som har hatt størst vekst dei siste åra, det er Kina, India, Sør-Afrika, Brasil og Singapore. Kravet om større forpliktingar gjeld også fattigare land i sør, om enn i mindre grad. Bullard ser denne redefineringa av ansvar som eit særskilt ufint åtak på landa i sør.

Ingen avtale betre
- Det kan ikkje vera nokon tvil om at det historiske ansvaret ligg hjå dei vestlege landa. Dei rike landa har brukt mange gongar av deira rettferdige del av klimagassutsleppa, om me ser utsleppa i høve til folketalet. Nokre av dei fattigaste landa i Afrika har brukt mindre enn ein prosent av deira rettferdige del av klimagassutsleppa. Når me veit kor sterkt økonomisk vekst er knytt til utslepp av klimagassar, vert det å tvinga fattige land i sør til relativt store investeringar i fornybare energiformer så nådelaust at å kalla det kynisk vert utilstrekkeleg. Sjølv Kina, som ofte vert trekt fram som eit land i sør med store klimautslepp, har berre ein fjerdedel av gjennomsnittleg utslepp per innbyggjar i høve til ein gjennomsnittleg innbyggjar i USA.

I lys av dette, meiner Bullard at det er bra at det ikkje ser ut til å bli nokon ny forpliktande klimaavtale i København i desember.

- For miljøet og for landa i sør er det like greitt at me ikkje får ein ny klimaavtale no, fordi alt tyder på at ein eventuell ny avtale ville ha svekka desse landa sin posisjon i høve til posisjonen deira i den gjeldande Kyoto-avtalen. I verste fall kunne heile det historiske ansvaret for klimakrisa, som blir plassert hos dei vestlege landa i Kyoto-avtalen, ha blitt tatt vekk i ein ny avtale. Dette tyder ikkje at det er grunn til å vera nøgd med dei lite forpliktande og marknadsbaserte løysingane som ser ut til å bli resultatet av København-forhandlingane, men dette er trass alt betre enn ein avtale som fråtek dei vestlege landa det historiske ansvaret for klimakrisa.

Klimarettferd som ny dagorden
Nicola Bullard hevdar at eit ny oppfatning av klimarettferd (engelsk: «climate justice») må bli ein del av klimaforhandlingane dersom det skal vera nokon sjanse til å løysa klimautfordringa. «Climate justice now» er ei global klimarettferdsrørsle som i dag er veksande over heile verda. Krava rørsla stiller har som intensjon å løysa klimautfordringa på ein mindre teknologibasert og meir sosialt rettvis måte enn det som er dei gjeldande verkemidla i klimaforhandlingane.

- Klimarettferd handlar om å la økologisk og sosial rettferd vera utgangspunktet for løysinga på klimakrisa. Klimakrisa er berre eit teikn på at heile det globale økonomiske systemet er i krise. Både klimakrisa, vassmangel og vassforureining, jorderosjon og tap av biologisk mangfald fortel oss at me er midt inne i ei systemkrise. Me kan ikkje løysa ei slik krise gjennom marknaden, og derfor vil også dei marknadsretta løysingane på klimakrisa vera fånyttes. I København treng me å få tyngde bak ei global klimarettferdsrørsle som kan prega klimadebatten i åra framover.

I staden for å vektlegga marknadsløysingar som karbonhandel og ulike teknologiske løysingar som ligg langt fram i tid, handlar klimarettferd om å omorganisera samfunnet etter økologiske og sosialt rettvise prinsipp. Ved sida av å peika på at det rengs ei demokratisering av klimaforhandlingane gjennom å gje sivilsamfunnet ein sentral posisjon i forhandlingane, peikar Bullard på ei rekkje verkemiddel som kan gje ein meir rettvis og økologisk klimapolitikk i land i sør og nord.

- Ein god avtale i København ville frå eit klimarettferd-ståstad innebera ein aksept av at nord må tilbakebetala den støre økologiske gjelda som desse landa skuldar landa i sør. Dessutan må einkvar klimaavtale vera underlagt menneskerettane, spesielt med omsyn til kvinner og urfolk sine rettar. Me treng også eit moratorium på utvinning av olje og gass. Det vil også vera nødvendig å sikra ei rettferdig omstilling til eit lågutsleppsamfunn for arbeidarar i eit klimarettferd-perspektiv, fordi arbeidarane ofte er dei som må betala prisen når samfunn skal omstillast.

Klimakrisa kan gje rettvist system
- Me kjem heller ikkje bort frå at dei rike landa må stilla med tilstrekkelege, bindande og offentlege støtteordningar til å omstilla energiproduksjonen i land i sør i ein fornybar retning. Støtteordningane må administrerast av landa i sør innanfor rammene av FN-konvensjonen.

Bullard peikar også på at dei vestlege landa må ta eit heilt anna ansvar for reduksjonar i klimagassutsleppa i eigne land om det skal vera noko von om ei løysing på klimakrisa.

- Det er svært stor avstand mellom dei reduksjonane som vestlege land vil forplikta seg til og den reduksjonen dei fleste klimaforskarar meiner me treng. Til dømes ynskjer USA berre å forplikta seg til mellom 11 og 18 prosent reduksjon innan 2020, når me veit at me truleg treng minst 40% reduksjon i vestlege land. Om me skal ta FN sitt klimapanel på alvor, må ein ny klimaavtale derfor gjera alvor av regjeringa i Bolivia sitt krav om minimum 49% reduksjon av klimagassutsleppa i dei vestlege landa innan 2017. Denne reduksjonen kan berre gjennomførast i eigne land, og ein kan ikkje kjøpa seg fri frå denne reduksjonsforpliktinga.

- Er ikkje desse forslaga heilt urealistiske når me veit kva som er den gjeldande politikken i dag? - Sjølvsagt er dette urealistisk. Klimakrisa må likevel ikkje gjera oss desillusjonerte. Klimakrisa er ein del av ei systemkrise som svært godt belyser kor utilstrekkeleg vårt økonomiske system er til å forvalte og fordela ressursar på ein rettvis og berekraftig måte. Jo fortare me får folk til å innsjå dette, jo fortare vil me kunne skape eit nytt system som både er rettvist og berekraftig, seier Nicola Bullard til Utveier.

Artikkelen sto på trykk i Utveier, nr. 4. 2009



Attac Norge 2011